Eventyrklang

Kåre Kolve - Interactions Foto: Vossajazz/Runhild Heggem
Kåre Kolve - Interactions Foto: Vossajazz/Runhild Heggem

Når nokre av dei beste innanfor jazzmusikken samlar seg for å laga eit bestillingsverk til Jazzfest 2015 i Trondheim, så veit du det kjem til å bli bra, men lite visste me at dei skulle klare å skapa det 8. underverk. Med Kåre Kolve i spissen tok Interactions oss med på ei musikalsk vandring nedover ”Vegen til Voss” – namnet på siste låt.

Bandet skapte eventyrland på scena, med magisk klang, og musikken som mala eit bilete kor du såg vinden susande ut i frå kontrabassen og nordlyset som kom flytande ut av saksofonen og trompeten. Trommesoloen på slutten av ferda førde oss rett ut i verdsrommet og viste oss korleis stjerner blir til. Me vandra altfor fort og kom fram for tidleg, men denne reisa kjem neppe til å bli gløymd. Mange kjem til å ha draumar om denne musikken for evig.

Del gjerne!