Ein felles hjartepuls

Foto: Ådne Dyrnesli, Vossajazz

Folkemusikken ligg i bakgrunnen. Med låg bass på fela, spelar Nils Økland opp til dans i Osasalen. Perket frå Håkon Mørch Stene ligg som ein djup hjartepuls frå eit magisk fantasilandskap. Dei har saman med Mats Eilertsen på kontrabass, Rolf-Erik Nystrøm på saksofon og Sigbjørn Apeland på trøorgel, funne eit heilt eige klanglandskap. Eit landskap som berre eit eventyr av ein slik sjangerkrysning kan gje oss tilhøyrarar.

Til og med ein låt komponert i ekte blues-stil, får vi servert. På hardingfele!

Dette er eit samarbeid mellom alle dei fem artistane i bandet. Frå heftige improvisasjonar til innlærte låtar frå partitur. Dette er eit konsept som berre desse fem karane kan få til. Som Økland seier sjølv, har alle impulsane frå dei andre i bandet, gjort komposisjonane til ein hybrid mellom poesien i folkemusikk og energien i punk. Rett og slett eit eventyr med både hardingfele og pauke representert i ei god blanding mellom folkemusikk, jazz, klassisk barokk, punk og rein improvisasjon frå sjela.

Etter ein vel time var programmet over. Men eit begeistra publikum ville ikkje at det skulle bli slutt endå, og me fekk servert eit ekstranummer. Dei starta konserten i Osasalen denne søndagsformiddagen, med vare folketonar frå Økland si Viola d’amore og avslutta den med ein unison tone, direkte frå hjarterota. Som eit velsmurt maskineri, med ein felles hjartepuls!

 

Del gjerne!