E du klar for litt jazz? Jaaaaa!

Is med ketchup og vaflar med løk stod på menyen då reggaekokken kokkelerte i Det musikalske huset. Den sprudlande gjengen i Badnajazzkoret tok oss med til eit underleg hus. På loftet bur det mørkeredde spøkelse Roger, ute i hagen er det samba og twist, og inne er det syltetøy i taket.

I Badnajazz-tingingsverket 2016 har Olav Undeland skapt eit livleg, fantasirikt og feststemd univers som engasjerar og inkluderer. Badnajazzkoret, dirigert av Anne Siri Undeland Bauthus, song så det ljoma saman med store og små i Vossasalen:

E du klar for litt jazz? Jaaaaaa!
E du ein kjedeleg liten tass? Nei, nei, nei!