Black Sabbath i paljettar

Hedvig Mollestad Trio Foto: Runhild Heggem
Hedvig Mollestad Foto Runhild Heggem, Vossa Jazz-1

Det er vanskeleg å skildra korleis det kjennest å stå tett i tett i Vossasalen når det endeleg er råd å gje blanke i meteren og eit aldeles kokande band entrar scena som om dei har venta i 560 dagar på det. Og det er ikkje langt i frå sanninga, då Hedvig Mollestad Trio var booka til 2020, booka til palmehelga 2021 og ENDELEG står der i all i glitrande prakt september 2021. Og det rockar/jazzar så til dei grader at med eller utan meter hadde ikkje folk klart halda seg.

Dunkande metall-prog-jazz som vekker assosiasjonar, men ikkje av den grunn klarar å setja dei i noko enkel bås. For kva er det eigentleg dei minnar om? Mest av alt minnar dei om ho som hadde tingingsverket i 2019, sjølvaste ”Ekhidna”, sjølvaste Hedvig Mollestad. Med ein trio beståande av Ivar Loe Bjørnstad på trommer og Ellen Brekken på bass. Og når ho stegar ned i publikum og slæppar på bassen så paljettane sprett, er det som augo på folk sperrar seg opp i rein, skjær begeistring.

Og så skjer det forsyne meg igjen når begge paljettdronningane på ekstranummeret traskar ned med ledningane på slep rundt til øyredøyvande applaus og hender som rekkjer seg opp mot taket som om alle restriksjonar var vekke for lengst. Og det er dei, og restriksjonslause Hedvig Mollestad går inn i historia – 560 dagar på overtid –  til ekstatisk respons.

Del gjerne!