Foto Øystein Haara
Foto Øystein Haara

Benedicte Maurseth og Sarah-Jane Summers med tingingsverk til Vossa Jazz

Begge utøvarane er kjende for si djupe forankring i skotske og norske folkemusikktradisjonar, samt deira skapande og utforskande trong. Dei er ikkje redde for å henta impulsar frå samtida og ulike kunst- og musikkinntrykk som jazz, verdsmusikk, barokk- og samtidsmusikk.

I det nye verket Máni – som er det norrøne ordet for måne – vil klangeleg utforsking og gjentakingas kraft vera kjernen. Hardingfelas rike palett blir det berande gjennom ulike felestemmingar i tillegg til fiolinen sin meir direkte tale. Rytmikk og gjentakande frasar vil vekka assosiasjonar til gangarar, springarar, skotske slow airs, amerikansk minimalisme og fri improvisert musikk. Alt tileigna månens gjentakande gravitasjonskraft, den evige sirkel, som ein meditasjon og noko rituelt, i form av puls, rytme og frasar.

Benedicte Maurseth – hardingfele
Sarah-Jane Summers – fiolin
Randiane Sandboe – lyskunst


Laurdag 9. april kl. 13.30 i Nain

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Artikkel under:

Arkiv