Ei verkeleg legende kjem til bygda! Tony Allen var trommeslagar og bandleiar i Fela Kuti si gruppe i storheitstida 1968–1979. Ved å blande inspirasjon frå vestleg jazz, soul og funk med forskjellige afrikanske sjangre danna han det drivande grunnlaget for sjangeren afrobeat.
Men Tony Allen la seg aldri til å kvile på laurbæra og reprodusere Fela Kuti-uttrykket – sidan 80-talet har han spelt med blant andre Sunny King Ade, Manu Dibango, Charlotte Gainsbourg, Air og Grace Jones. I soloprosjekta sine har han henta inspirasjon frå sjangre som dub, elektronika, rap og r&b for å skapa frisk, groovy og levande musikk.
Albumet Film of Life frå 2014 har hausta strålande omtalar, og Tony Allen er kjend for å gjere glimrande konsertar. I 2009 trilla NRK Lydverket seks på terningen og oppsummerte Oslo-konserten hans slik: «Musikk blir ikke bedre. Takk, Tony.»
Tony Allen – trommer, vokal
Claude Dibongue – gitar
Patrick Gorce – perkusjon
Cesar Anot – bass
Jean Phi Dary – tangentar
Yann Jankielewicz – saksofon, tangentar
Nicolas Giraud – trompet
www.myspace.com/tonyallenafrobeat
Billettar = Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa enkeltbillett til berre denne konserten.
English
A true legend visits Voss! Tony Allen was the drummer and band leader of Fela Kuti’s band in the golden years 1968-1979. By mixing western jazz, soul and funk with african genres Allen laid the groovy foundation for the influential genre called afrobeat. Luckily Allen never stopped to rest on his laurels – since the 80s he has incorporated elements of dub, electronica, rap and r&b into his music, resulting in an invigorating, edgy and groovy expression. His 2014 album «Film of Life» recieved rave reviews, and his live shows are known to be incredible. NRK Lydverket wrote this after a concert in Oslo in 2009: «Music don’t get better than this. Thanks, Tony.»