Lastar Hendingar

Superjazz: Good Time Charlie

  • Denne hending er over.
sundag 25. mars

Kl 14:00

På Superjazz får musikkelskarar med nedsette funksjonsevner utfalda seg i leikent samspel med røynde musikarar. Dette vert det åttande året med Superjazz, som for mange år etter år har vist seg å vera noko av det kjekkaste på heile festivalen. Kanskje er det på tide å døype om arrangementet til «Masterclass i musikkglede, innleving og ellevill improvisasjon»?

I år skal det framifrå livebandet Good Time Charlie styra kalaset med sin sprudlande og groovy r&b/blues-musikk.

Kl. 11:30: Verkstad
Kl. 14:00: Konsert

English:
Super Jazz is workshop and concert for and by music lovers with disabilities – this year lead by the great blues/r&b band Good Time Charlie!