Lastar Hendingar
Shamania

Shamania

  • Denne hending er over.
laurdag 19. mars

Kl 22:30

Trommerslagaren og komponisten Marilyn Mazur har skapt eit stort og imponerande orkester samansett av ti sterke skandinaviske musikkprofilar og den norske dansaren Tine Erica Aspaas. Trommeslagaren og komponisten Marilyn Mazur har skapt eit stort og imponerande orkester samansett av 10 sterke skandinaviske musikkprofiler og den norske dansaren Tine Erica Aspaas.

Shamania vart til etter at Copenhagen Jazz Festival spurde Marilyn Mazur om å gjendanna si suksessfulle musikkteatergruppe Primi Band frå 80-talet. Mazur vart straks i fyr og flamme ved tanken på å samla saman nokre av notidas fantastiske musikarar og presentera ein frisk og oppdatert versjon av ideane bak Primi Band: Eit rituelt, organisk, kakofonisk og viltveksande kvinneleg fellesskap omkring urkrafta som finst i stemmer, rytme, energi og rørsle.

Dei hadde sin fyrste konsert på Copenhagen Jazz Festival i juli 2015. Rykta derifrå fortel at Shamania skin av spele- (og danse)glede og at musikken deira er både spanande, suggererande og underhaldande!

Marilyn Mazur – komposisjon, slagverk og perkusjon
Christina Dahl – saksofon
Josefine Cronholm – vokal og perkusjon
Sissel Vera – saksofon og vokal
Hildegunn Øiseth – trompet
Lis Wessberg – trombone
Makiko Hirabayashi – tangentar
Ellen Andrea Wang – bass og vokal
Anna Lund – trommer
Lisbeth Diers – perkusjon
Tine Erica Aspaas – dans

English
Drummer and composer Marylin Mazur has created an impressive orchestra of 10 strong Scandinavian musicians and Norwegian dancer Tina Erica Aspaas. Shamania was formed after a request was made by Copenhagen Jazz Festival to make Mazur revive her sucsessful Primi Band project from the eighties. She decided to form a new orchestra to revitalize the philosophy of her old band: A ritual, organic, cacophonic and untamed female fellowship harnessing the power of voices, rythm, energy and movement!