• This event has passed.
fredag 27. mar 2015

Stykket gjekk for fulle hus og fulle ekstraførestillingar i Oslo og Aftenposten trilla seks på terningen: «Hjertemedisin. Her er Henrik Mestad i sin hittil beste rolle». Saksofonist Trygve Seim står for musikken i denne vakre førestillinga om Hauge og dei indre kampane hans mot sinnsliding og schizofreni.

Schizofrene kan ofte sjå naturi onnorleis enn normale. Eg hugsar soleis eg stod i vindauga på Valen sjukehus og såg ut yver sundi og øyane der i Sunnhordland. Dag etter dag, stod på same staden og såg. Eg var i trance. Landet og sjøen var blå og yverjordisk, eit land utanum rom og ti. Elles var det ofte under sjukdomen eg hadde rider då natursynet trollbatt meg heilt, ei slik verd hadde eg aldri set fyrr. Eg gjekk frå vindauge til vindauge og berre såg og såg i dagar og viker og månader.

Frå dagbøkene til Olav H. Hauge

Henrik Mestad – resitasjon
Trygve Seim – saksofoner