Visingsnavigering

Hending visingsnavigasjon

Today

Tanaka/Lea/Strønen

Osasalen, Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Noreg

To stjerneskot frå den nyaste generasjonen innan norsk jazz møter trommevisjonæren Thomas Strønen!

Trygve Seim: Helsinki Songs feat. Mathias Eick og Jon Balke

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Av alle kulturane Trygve Seim har lete seg inspirere av, er det Finland han reknar som «sitt andre heimland». Helsinki Songs (ECM, 2018) er den foreløpige kulminasjonen av Seim si utforsking av landet med dei mange innsjøane og djupe skogane.

Superjazz

Voss kulturhus Evangervegen 6, Voss

Jazz er ein sjanger tufta på improvisasjon, impulsivitet og speleglede. Superjazz presenterer i år «Supergruppo»: Ein gjeng med framifrå jazzarar med nedsette funksjonsevner, som verkeleg lever opp til desse grunnverdiane.

Torhild Ostad og Carsten Dahl

Osasalen, Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Noreg

Det er over 20 år sidan Torhild Ostad gav ut den vakre folketonesamlinga Blomar i moll. No er ho tilbake, denne gongen saman med den danske pianisten Carsten Dahl – ein av dei aller mest kreative og spanande pianistane innan jazz og klassisk i Norden idag.

NMH blåkvalstorband

Gamlekinoen, foajeen Uttrågata 9, Voss

NMH sitt supre storband veks seg større for kvar sesong – tidlegare utgåver inkluderer mammut- og mastodont-versjonar!

Under stjernone

Vangskyrkja Bergsliplassen 1, Voss

Velkomen til eit gjensyn med Olav H. Hauge-framsyninga Under stjernone, som hadde urframføring på Vossa Jazz 2005!

Espen Eriksen Trio og Andy Sheppard

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Når det kjem til pianotrioar er Espen Eriksen Trio blant dei aller beste. Gruppa har vorte viden kjend for sin melodiske minimalisme, subtile komposisjonar og vakre, lyriske stemningar gjennom fire strålande album og konsertar i inn- og utland.

På sisteplata «Perfectly Unhappy» frå 2018 tok gruppa steget ut av trioformatet saman med stjernesaksofonisten Andy Sheppard.

Frida Ånnevik

Park - Vossasalen Uttrågata 1-3, Voss, Noreg

Med spanande norske versjonar av låtar frå mellom andre Joni Mitchell, Spice Girls og Janis Ian lovar Ånnevik, Røyne og Løwe høg gåsehudfaktor og ei heilt spesiell konsertoppleving på Vossa Jazz!

Hildegunn Øiseth Quartet

Park Uttrågata 1-3, Voss, Noreg

I møtet mellom det tradisjonelle norske bukkehornet og dei internasjonale inspirasjonskjeldene har Øiseth og kvartetten hennar skapt musikk som hevar seg høgt over landegrenser og kulturelle skilnader

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.