This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.


Hildo
- Denne hending er over.
laurdag 19. september
Kl 19:00
Grunna Covid-19 måtte me avlysa konserten 18. mars, men no kjem dei! Hildo hadde premiere på Vossa Jazz i 2018 og har etter det turnert – og ikkje minst spelt inn musikken på plate. Prosjektet er hylla og har motteke ståande ovasjonar frå både publikum og presse.
«Hildo» heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Desse fantastiske musikarane har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar, og serverer dei i nye arrangement og med nykomponerte tema. Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, i hendene på desse fantastiske musikarane.
Tore Brunborg – saksofon
Berit Opheim – vokal
Kåre Opheim – trommer, perkusjon
Steinar Raknes – kontrabass
Stein Urheim – ulike strengeinstrument