Lastar Hendingar

Dobbelkonsert: Jonas Alaska og Needlepoint

  • Denne hending er over.
fredag 26. mars

Kl TBA

 

JONAS ALASKA
Jonas Alaska er ei av dei sterkaste røystene i den nye generasjonen med norske låtskrivarar. Sidan den Spellemann-vinnande platedebuten i 2011 har han vore ein fast leverandør av kvalitetsmusikk i skjæringspunktet mellom catchy pop, klassisk rock og djup visekunst.

Nostalgi, barndomshistorier, ubehagelege tenåringssituasjonar, humoristiske betraktningar og kjærleiksforteljingar – dette er motiv som stadig dukkar opp i Alaska sitt tekstunivers. Med sterkt nærvære og rå formidlingskraft er han ein av desse sjeldne artistane som verkeleg trengjer gjennom støyen, og kan fengsla tilhøyrarar med nære låtar og særeige gitarspel.

Når Alaska set saman trio vel han musikarar frå øvste hylle: Til Vossa Jazz tek han med seg David Wallumrød på tangentar og Olaf Olsen på trommer. Dette er to av dei aller flottaste, mestspelande og groovy instrumentalistane i landet. Alle med sans for knallgode låtar og musikarar i toppklassen bør få med seg denne konserten!

Jonas Alaska – gitar, vokal
David Wallumrød – tangentar
Olaf Olsen – trommer

 

NEEDLEPOINT
Kva skjer om ein kombinerer Robert Wyatt og Syd Barrett sine melodiske verdsbilete med dei beste og sprøaste bitane frå 70-tals fusion og progrock? Pluss litt av den lause og leikne kjensla av tidleg Weather Report og det drivande groovet til Chic Corea-plata Return to Forever?

Nei, ein får vel ikkje eigentleg den siste Needlepoint-plata, men ein får i det minste ein form for relevant referansepunkt!

Utforskinga av desse samansette musikalske innfallsvinklane byrja allereie på den førre plata, men på The Diary of Robert Reverie (2018) sit desse elementa som ski på beina til nordmannen: ubesværa, humørfylt, entusiastisk og leikande lett.

Olaf Olsen er ein dynamisk virvelvind bak trommesettet, og tangentmeister David Wallumrød spelar så organisk at ein skulle tru lyden veks rett opp av jorda og ut høgtalarane. Produsent og bassist Nikolai Hængsle knyter det heile saman med fantastisk bassing, og er ikkje redd for å skru på fuzzpedalen når det trengst. Bjørn Klakegg sitt unike og kreative gitarspel går som ein raud silketråd gjennom låtane, frå mjuk, varm jazz til vill rockeheroisme.

Mange av tekstane frå den nye plata er inspirerte av nærmiljøet i den svenske bygda der Bjørn bur – med hovudpersonen Robert – den draumande einstøingen.

Bjørn Klakegg – vokal, gitar
David Wallumrød – hammond, tangentar
Olaf Olsen – trommer
Nikolai Hængsle – bass