• This event has passed.
fredag 18. mar 2016

Dave Holland har vore heilt i fronten i den internasjonale jazzmusikken i nesten fem tiår. I samspel med legender som Miles Davis, Chic Corea, Stan Getz og Pat Metheny (for å nemne nokre få) har han sett standarden for basspel og sete eit djupt avtrykk i jazzhistoria. Holland har aldri slutta å finne nye vegar å utvikla, raffinera, utforska og forandra sitt musikalske uttrykk på.

På Voss får me sjå han med hans fantastiske trio. Gitarist Kevin Eubanks og Holland har ein unik musikalsk kjemi som berre må opplevast. Dei to har samarbeidd i ein mannsalder, og det høyrest! På trommer tek han med seg Obed Calvaire, ein spanande amerikansk-hahitiar som trass sin unge alder har spelt med tallause store namn frå jazz- og popverda.

Dave Holland – bass
Kevin Eubanks – gitar
Obed Calvaire – trommer

English
Dave Holland has been in the forefront of jazz in many of it’s forms since his earliest days. Alongside legends like Miles Davis, Chic Corea, Stan Getz and Pat Metheny (to name a few) he has experimented with, developed and refined his musical expression and set a high standard for bass playing in jazz music. To Vossa Jazz he brings his amazing Trio. Guitarist Kevin Eubanks and Holland has developed a unique musical chemistry through years of cooperation. The talented american-hahitian drummer Obed Calvaire provides sits perfect in the mix with his smooth and groovy style.