Lastar Hendingar

Bra damer på Vossa Jazz

laurdag 27. mar kl TBA

Sidan 2016 har Guri Solberg intervjua godt over hundre kvinner i podcasten Bra damer. Artistar,  skodespelarar, idrettsutøvarar og andre engasjerte kvinner har fortalt om familieliv, karriere, komplekser, sex og ambisjonar.

TV2-profil og journalist Guri Solberg har vakse opp på Voss, og jobba som frivillig på Vossa Jazz frå 1992 til 2003. Ho møtte også sin musikarmann på festivalen, og har dermed mange og sterke band til
både bygda og festivalen.

På Vossa Jazz møter ho journalist og forfattar Randi Fuglehaug til formiddagsprat i Pianobaren. Fuglehaug er no midt i arbeidet med oppfylgjaren til krimdebuten Fallsjuke. Også i denne boka er handlinga lagt til Voss…

Tilskipinga er gratis, men hugs at du må ta ut billett! Det er avgrensa kapasitet.