
Badnajazz: Forfattartreff med Ruth Lillegraven
På Vossa Jazz stiller ho saman musikar, komponist og tekstforfattar Annlaug Børsheim, som har tonesett mange av Lillegraven sine dikt for born.
På Vossa Jazz stiller ho saman musikar, komponist og tekstforfattar Annlaug Børsheim, som har tonesett mange av Lillegraven sine dikt for born.
Sidan 2016 har Guri Solberg intervjua godt over hundre kvinner i podcasten Bra damer. Artistar, skodespelarar, idrettsutøvarar og andre engasjerte kvinner har fortalt om familieliv, karriere, komplekser, sex og ambisjonar.
Møt årets Tingingsverk-komponist! Kva hende på vegen frå Oppdal via Austin, Texas til Voss?
I 1992 reiste Øyvind Skarbø på sin første korpstur nokon sinne. Til Voss. Dette sette så djupe spor, at han den dag i dag har sitt eige skulekorps, Skarbø Skulekorps.
Morgonrode blandar tradisjonell norsk folkemusikk med jazz og improvisert musikk på ein rå, drivande og utforskande måte.
Musikken på tredjealbumet til Espen Berg Trio, Free to play, er tydeleg influert av amerikansk jazztradisjon, blanda med nordiske klangar og stor eksperimentvilje frå Berg, bassist Bárður Reinert Poulsen og Simon O. Albertsen.
Arild Andersen, Kirsten Bråten Berg, Bugge Wesseltoft, Frode Alnes, Bendik Hofseth og Helge Nordbakken kjem tilbake med Tingingsverket Sagn!
”Ei framsyning for minnebøkene”, vart det sagt, då Ine Hoem og Erlend Skomsvoll med orkester hylla 70-årsjubilanten og forfattargiganten Edvard Hoem med eit utseld bestillingsverk for Moldejazz 2019.
Bare Egil Spellemannslag er det siste tilskotet til den absurde bandfloraen som kretsar kring den humoristiske visekongen Egil Hegerberg.
Take my mother home er ei meditativ og spirituell konsertoppleving der nyskrivne tekstar av forfattar Hanne Ørstavik møter Kristin Asbjørnsen sine tolkingar av spirituals, tonesatt av gitarist Olav Torget.
Valkyrien Allstar er her framleis – takk og pris!
Endeleg skal me få oppleva Ingebrigt Håker Flaten sitt Tingingsverk til Vossa Jazz!
To konsertar i éin billett: Friends & Neighbors og Hanna Paulsberg Concept!