Dobbelkonsert: Friends & Neighbors og Hanna Paulsberg Concept + Magnus Broo

Friends & Neighbors
Energisk og melodiøs frijazz på sitt beste!

Den norsk-svenske kvintetten Friends and Neighbors, som har teke namnet sitt frå ei Ornette Coleman-plate, har berre blitt betre og betre sidan oppstarten i 2008. Fjerdealbumet What’s Next? kom i 2019, og viste eit band som verkeleg har vakse saman og vorte noko større en summen av partane.

Dei har alltid vore strålande musikarar, men etter så mykje fartstid saman er det dynamikken og det fantastiske samspelet som hevar bandet til uante høgder. Dette skreiv Stuart Broomer (The New York City Jazz Record) i ei omtale av den nye plata:

The members are all strong players but good listeners too. Like friends and neighbors, their greatest strength is empathy. It’s there in the way that they’re attuned to one another’s nuances, the way that dialogues arise with the fluid naturalness and the coherent feel that develops on each piece, composition and improvisation blurring together. These are the qualities of a band playing together for a long time and that values what familiarity makes possible. It’s definitely worth hearing.

Dette er forfriskande musikk som spenner frå melodiøse balladar til hardtsvingande free-bop og kraftfulle frijazzutblåsingar, med referansar til artistar som Ornette Coleman, Archie Shepp, Pharoah Sanders, John Carter og Eric Dolphy.

Thomas Johansson – trompet
André Roligheten – tenorsaksofon/bassklarinett
Oscar Grönberg – piano
Jon Rune Strøm – kontrabass
Tollef Østvang – trommer

Hanna Paulsberg Concept + Magnus Broo
Tenorsaksofonist Hanna Paulsberg er sjeldan vare. Uansett kva konstellasjon ho opptrer i, sit ein att med kjensla av å ha vore vitne til ein sterk og kreativ musikar, med sterke band til norsk og internasjonal jazzhistorie.

Utanom det faste bandet Hanna Paulsberg Concept, har ho dei siste åra òg gjort seg bemerka i samarbeid med Bobo Stenson, Bugge Wesseltoft og i Spellemanns-vinnande GURLS.

I 2018 slapp Hanna Paulsberg Concept si fjerde plate – Daughter of the Sun – denne gongen med den svenske stjernetrompetisten Magnus Broo med på laget. Albumet fekk strålande mottaking, hausta lovord i nasjonal og internasjonal musikkpresse og vart nominert til Spellemann i kategorien jazz.

Hanna Paulsberg Concept har spelt saman i snart ti år, og har lenge vore på utkikk etter ein femtemann som kunne gli saumlaust inn i den svært samspelte gruppa, og samstundes «pusha» kvartetten til å gå nye veger og nå nye høgder. Valet fall på Magnus Broo, kjend frå Atomic og Angles 9 – med han vart det full klaff frå fyrste tone. Han har ei djup forståing av den afroamerikanske jazztradisjonen, og har ei unik evne til å tøye grenser og utforske nye musikalske landskap.

Hanna Paulsberg – saksofon
Magnus Broo – trompet
Oscar Grönberg – piano
Trygve Waldemar Fiske – bass
Hans Hulbækmo – trommer

 

English
Friends & Neighbors
:
Energetic and melodious free jazz at it’s best! Friends & Neighbors, who took their name from a record by Ornette Coleman, has reached new heights on their fourth album “What’s next?” from 2019. This is refreshing music, spanning ballads, hard bop and everything in between, with references to artists such as Archie Shepp, Pharoah Sanders, John Carter and Eric Dolphy.

The members are all strong players but good listeners too. Like friends and neighbors, their greatest strength is empathy. It’s there in the way that they’re attuned to one another’s nuances, the way that dialogues arise with the fluid naturalness and the coherent feel that develops on each piece, composition and improvisation blurring together. These are the qualities of a band playing together for a long time and that values what familiarity makes possible. It’s definitely worth hearing.
– Stuart Broomer, The New York City Jazz Record