Lastar Hendingar
Foto Ann Sissel Holthe

Badnajazz: Forfattartreff med Ruth Lillegraven

laurdag 27. mar kl TBA

Ruth Lillegraven debuterte som forfattar i 2005, og har sidan skrive ei rekkje bøker både for born og  vaksne. For den første diktsamlinga si for born, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen. To år seinare kom barnediktsamlinga Skogen den grøne.

Ruth Lillegraven blir festivalforfattar under Falturiltu 2021. På Vossa Jazz stiller ho saman musikar, komponist og tekstforfattar Annlaug Børsheim, som har tonesett mange av Lillegraven sine dikt for barn.

Tilskipinga er gratis, men hugs at du må ta ut billett! Det er avgrensa kapasitet.