Khmer khmer khmer – me vil ha Khmer!

Molvær (foto: Vossa Jazz/Kai Flatekvål)
Molvær (foto: Vossa Jazz/Kai Flatekvål)

Opningskonserten på Vossa Jazz har faste innslag og alle ingrediensane var til stades i Idrettshallen fredag kveld. I tillegg til Styve på luren – så  hylla Dale Mannskor  «jazzen igjen som rår”  og vona om “ 50 nye år» . Det var ein stolt festivalleiar som opna festivalen.

Labyrintar har vore brukt i kulturar over heile verda i ulike samanhengar. I antikken vart dei brukt i religiøse seremoniar, og i middelalderen vart dei brukt i europeiske katedralar som symbol på reisa ein legg ut på for å finna vegen til Gud. No for tida finst det labyrintar i parkar og hagar, på festivalar og i spel og leik for både born og vaksne, og akkurat i dag var labyrinten plassert i Idrettshallen på Voss. Det var fantastisk at den romslege hallen igjen vart  nytta som konsertarena – og den var fylt til randen (og litt til).  

Som ein minotaurus satt Molvær i midten. Sjølv om han eigentleg har rolla til Daidalos – arkitekten – er det fantastisk å sjå han driva oss gjennom konserten. Ein labyrint er ein sti eller gong der ein må finne vegen ut ved hjelp av ulike krumspring og gåter. Og dei var det Jan Bang og DJ Strangefruit som stod for. Rune Arnesen og Per Lindvall som ein eminent trommeduo piska tilhøyrarane gjennom konserten med ein rytme og eit trøkk som me sjeldan har opplevd.

Sjølv om labyrintar kan vere svært gamle, så er dei framleis like populære i dag som dei var for tusenvis av år sidan.  Og Khmer var minst like godt mottatt i dag som for 27 år sidan. Forsamlinga trakk ut av Idrettshallen og alle er klare for 50 nye jazzår – fordi me vil ha Khmer!!

Del gjerne!