Ei jazza togreise bada i sol

Ein veg (Foto: Vossa Jazz/ Iver Finne)
Ein veg (Foto: Vossa Jazz/ Iver Finne)

Det var litt bratt opp vegen til konserten i Kapellankåken, (“men når vårsol i bakkane blenkte fekk me hug til vår heimlege stad” – som Aasen sa det.) Vel verdt turen var det når me gjekk over dørstokken og steig inn i dei nytapetserte stovene, sjølv desse bløma denne dagen. Kapellankåken er restaurert og vart innvia denne dagen med fullsett sal. Ekstra stas var det at familien som tidlegare har budd i huset var i publikum. 

Æra over å innvia stova gjekk til heimstadsdiktar Dag Helleve akkompagnert av musikar Marius Klovning med band. Saman laga dei ei musikalsk togreise spekka med nostalgiske skildringar, improviserte musikkstrekk, og islag av nasjonalromantikk bada i leikande jazz. Det var også rom for lun humor om bergtekne turistar som spør “Do people really live here?”

Bergtekne vart publikum i Kapellankåken og, der Helleve og bandet leika seg med tonar og ord som gjer at publikum såg føre seg stasjon for stasjon, stigning for stigning. 

Eit visst nostalgisk preg er det og, der dei ein gong så livlege stasjonane no er nedlagde. Fint er det då at bandet gjev bileta og orda nye fargar, og gjer at me får sett alt levande for oss ein siste gong. Togturen Voss-Bergen har aldri vore vakrare.

Del gjerne!