Superjazz: rett i søtefengsel

Superjazz (Foto: Vossa jazz/ Runhild Heggem)
Superjazz (Foto: Vossa jazz/ Runhild Heggem)

Eit av høgdepunkta for både tilskodarar og musikarar er sundagskonserten som går under det treffande namnet Superjazz. Bandleiar er i år stjernesaksofonisten Rolf-Erik Nystrøm som konstaterte at om han og hans improvisasjonskollegaer i jazzen kunne vore halvparten så frie som ”Supergruppo”, så skulle dei vore nøgde. For dette blir frijazz på aller høgste nivå – fri utfalding og uendeleg speleglede, frå felespeling til songsoloar og drahjelp frå trommis Håkon Mjåset Johansen og vokalist og instrumentalist Juliana Venter. Å gå på Superjazz er rein medisin for sjela, og om sjarm vart betalt ville alle i Supergruppo vorte millionærar.

Del gjerne!