1. januar 2020 vart Voss kommune og Granvin herad slått saman til ein ny, stor kommune, som strekkjer seg frå fjord til fjord.
Jorda og skogen har tradisjonelt vore det viktigaste næringsgrunnlaget, men Voss har òg ein mangfaldig industri. Handel, turisme og dessutan ulike former for tenesteyting er likevel dei næringane som gir arbeid til størstedelen av dei som bur i kommunen.
Voss er mellom anna kjend for flott natur og naturopplevingar sommar og vinter og ekstremsport. Bygda har fostra mange idrettsutøvarar og kunstnarar.