Merkelappar: jazz

Jens Brun Vossa Jazz - Foto: Odin Drønen

Vanskeleg å stå i ro når golvet er ei trampoline

“E dekan klar?”, skrik Mads Berven frå scena. Borna nølar ikkje eit sekund før dei alle svarar med eit unisont “JA!” Jens Brun & De Hattmakers startar på det ikoniske riffet til “I Feel Good”, og det tek ikkje meir enn nokre sekund før alle, born som vaksne, dansar rundt på golvet i ein ellevill… Les meir »

Lokomotiv på Vossa Jazz. Foto: Runhild Heggem

Mystisk og mektig – Lokomotiv set standarden for årets festival

Avslutninga på turnéen til jazzlinja ved NTNU i Trondheim vart til ein pangstart for Vossa Jazz. Til stor glede for tilhøyrarane spelte dei uredde musikarane alt frå shuffle og funk til frijazz og bop. Dei variera mellom kraftige riff og rolige harmoniar, alt i eit blendande godt samspel mellom musikarane. Men også enkeltinstrumenta fekk kome… Les meir »

Smakfull sundagsjazz for sjela

Kva er betre på ein sundag enn å berre ta det heilt piano med riktig behageleg og smooth jazz? Peace, Love and Swing innleia med vakkert pianospel, som Sindre Medhus stod for. På neste låt fikk me høyre Signe Førre synge med eineståande klokkeklar røst, Sigurd Steinkopf imponerte også stort på trommer. Det var ikkje… Les meir »

Kraftfulle skrik i natta

Kor mange danskar må til for å skru i ei lyspære? Det er ikkje godt å seia, men etter å ha sett The Savage Rose live, er det klokkeklart at ein ikkje treng meir enn åtte danskar for å stella i stand ein heidundrande  konsert! Få har sett Vossajazz i ein slik ekstase som då The… Les meir »