Kniv og Taffel

Kniv ogTaffel SwingJazzOrkester har sitt musikalske utgangspunkt i Django Reinhart-aktig 30-/40-talsjazz. Frå debuten på Det Akademiske Kvarter vinteren 2000 utvikla bandet seg til eit konsertband som har løfta taket på Nattjazz, Vossa Jazz, SwingnSweet Jazzklubb, Ole Blues og mange andre stader og har metta Garage med jolestemning.

På Badnajolajazz kan du oppleva dei saman med det flotte Badnajazzkoret vårt!

Mads Falck Berven – gitar, vokal
David Chelsom Vogt – fele, vokal
Kåre Opheim – trommer, vokal
Karl Wallevik – gitar, vokal
Kristoffer Chelsom Vogt – kontrabass, vokal

Badnajazzkoret under leiing av Anne Siri Bauthus og Olav Undeland.

Tonje & Tora
Tonje og Tora har alltid vore interessert i musikk og dei siste åra har dei drive aktivt med å spela saman og saman med andre. Dei spelar både el gitar, akustisk gitar, piano og syng. Tora går i tiande klasse på ungdomsskulen og Tonje i fyrste klasse på musikklinja ved Voss Gymnas.

5. joledag skal dei varma opp publikum før Kniv og Taffel og Badnajazzkoret tek over. Me gler oss!

Tonje og Tora

Tonje og Tora

 

Kjøp billettar hjå TicketCo.