We don’t stop till we’re done

Legenda Dave Holland kickstarta Vossa Jazz og opningskonserten denne nydelege fredagskvelden. Saman med Kevin Eubanks (gitar) og Obed Calvaire (trommer) ville han formidle denne “family feeling” som bandet har, og den plukka publikum i ei fullsett Vossasalen raskt opp. Musikarane følgde kvarandre tett gjennom inspirerte temposkifte og leikande stemningar, med Holland sjølv som ei stabil kraft. Bandet utforska vakre og spanande tema, til tider så intenst at trommestikken flaug ut av handa på Calvaire. Sjølv då Eubanks fekk nokre tekniske utfordringar med forsterkaren, haldt dei to andre musikken i gang, og stadfesta Holland sine innleiande ord: We don’t stop till we’re done. Heldigvis.