Vossa Quizz i jolakalendaren

motiv_bassist_2

Som vanleg kan du følgja programsleppet for komande Vossa Jazz på vår snedne Jolakalendar. Kvar dag vert eit nytt namn avslørt på www.vossajazz.no. Nytt av året er at du kan vinna festivalpass ved å svara på spørsmålet i kvar kalendarluke. Svaret vil alltid vera neste dags artist! Ein sender forslaget sitt til post@vossajazz.no og den som svarar rett flest gonger vinn eit festivalpass til Vossa Jazz 2011. Noko spennande og noko godt – kvar dag – nett so ein jolakalendar ska ve! Vinnaren vert kåra 29. desember.

Del gjerne!