Vossa Jazz presenterer: den lyse framtida innan jazz

Jazzintro Foto: Vossa Jazz/Eirik Åsheim

Det er klart at Jazzintro er ein særdeles spanande del av Vossa Jazz, for i kveld på Pentagon vart det avgjort kva for eit band som vinn ei lanseringspakke,
arbeidsstipend frå Gramo og får æra av å spele på finalen under Moldejazz i sumar.

Juryen som valde ut finalistane består av saksofonist Sissel Vera Pettersen, saksofonist og
Spellemannvinner Eirik Hegdal, pianist Helge Lien, gitarist Bjørn Vidar Solli og fagansvarleg i Norsk Jazzforum, i tillegg til å vere juryleiar, Øyvind Skjerven Larsen.

Ein gjev gjeng å verte vurdert av, med andre ord.

Dei som kjempa om finaleplassen var ingen ringare enn jazz-septetten
Megalodon Collective, med bakgrunn frå jazzlinja ved NTNU i Trondheim, og debutalbum-aktuelle Motham, som starta på jazzlinja ved Sund folkehøgskule og
seinare har studert jazz på NMH i Stavanger.

Det er ikkje til å legge skjul på at ingen av banda sparte på krutet og leverte so det ljoma i
Pentagon denne laurdagskvelden. Motham med sin frekke, freidige og særdeles rytmiske
progrock-inspirerte jazz og Megalodon med ville improvisasjonar av utanomjordisk kaliber.

Her er juryens grunngjeving, henta frå Jazzforum si nettside:

”Megalodon Collective utforsker jazzens egenart med
kunstnerisk anarki i en tydelig musikalsk visjon, sier en samlet jury”.

 

Del gjerne!