Unge dansarar i aksjon på Ekstremjazz

unge_dansarar_fra_voss

I ei og ei halv veke har det på Voss vore øving til Ekstermjazz. I tillegg til koreograf Francesco Scavetta og dansarane som skal vera ein del av denne konsert-framsyninga skal seks lokale dansarar vera med. Det er Eldrid Gaukstad Camilla Ahntun Bø Tove Kristiansen Benedicte Kragh  Liv Slevolden og Vilde Lie. Ansvarleg for Voss street dance gruppe er Kristine Sæve. – Me er veldig glade for at me har fått denne sjansen til å prøva noko nytt og ha mogelegheita til å jobba med ein så god koreograf seier ho. Det er ei kjekk utfordring me har fått! avsluttar ho. Du kan sjå resultatet laurdag klokka 20:00 framsyninga finn stad ved og på Vangsvatnet.

Foto: Vidar Herre

Del gjerne!