Pulserande musikk som osar adrenalin

pelbo-dnedyrnesli1-2

Ein buldrande dynamisk bass spreidde seg gjennom golv og veggar då Pelbo på fleirstemt og rocka vis synte det yre jazzpublikumet korleis ein med dristig tuba funky trommespel og sensuell vokal skapar pulserande musikk som formeleg osar av adrenalin. Frekvensen vert fanga opp i det stadig meir laussluppne og velvillige publikumet som ivrig let hendene møtast til klapp over hovuda.

Det vart hoppa og rista laus i den grad at sjølv ikkje tubaisten si tettsittande dongeribukse kunne hindre lemmar og lår i si taktfaste rørsle. Dei oppmøtte jazzarane kunne med glede syne artistane at dei forstod kva ”noise” tyda og gav frå seg frydefulle kvin til tonane av ein musikk i grenselandet mellom jazz elektronica og rock.

Del gjerne!