Programmet til Badnajazz er klart!

Laurdag startar me med parade frå torget kl. 11.30
I front finn du Paradebandet, Voss Skulemusikk, drilljentene og Badnajazzkoret. Paraden går til Voss kulturhus.

Kl. 12.00 kan du møta forfattar Marit O. Kaldhol i biblioteket
Ho er festivalforfattar under Falturiltu 2019, men kjem først innom Vossa Jazz for å dele eit knippe av sine sterke og poetiske forteljingar med liten og stor. 

Kl. 12.30 vert det Monsterjazz i kultursalen hjå Voss Kulturhus!
Saman med elevar frå Voss Kulturskule, Voss Skulemusikk og eit knippe heilproffe musikarar inviterer Karl Seglem til ei open og leikande utforsking av sitt særeigne og spanande klangunivers. Og kunstnaren Gunvor Rasmussen er med som «teiknande musikar».

Sundag kl. 13.00 i Vossasalen: Sangfoni med John Vinge og Badnajazzkoret
Den musikkbaserte NRK Super-serien Sangfoni har oppnådd enorm popularitet hjå songglade born og vaksne. På Vossa Jazz tek komponisten John Vinge med seg dei friske musikkarrangementa ut av TV-ruta og inn i Vossasalen, for å gi nytt liv til dei tradisjonelle barnesongane saman med Badnajazzkoret. Dei skal utforska rytme, melodi, song og samspel og ein gong for alle bevisa at musikk er det kjekkaste som finst – og publikum vert sjølvsagt invitert med på leiken!

Velkomen til liten og stor!

Du kjøper billettar hjå TicketCo. Og hugs: Du kan kjøpa eige festivalpass til Badnajazz!

Del gjerne!