Paal Peace, Large Love

Vossajazz/Olav Aga
Vossajazz/Olav Aga

Storstilt stemning i Vossasalen når sjølvaste Paal «Peace» Nilssen-Love med sin ærverdige eining atter ein gong viser kva musikk eigentleg handlar om. Den unike miksen av menneskje som kjem saman i Large Unit EthioBraz-prosjektet er ikkje berre fantastisk å høyre på, men òg ein fryd for auga. Vossaspringaren vert diverre stiv samanlikna med den etiopiske folkedansen, men bodskapet er det same. Large Unit er eit fyrverkeri formidla med så mykje glede og energi at ein ikkje kan anna enn å smile med.

Del gjerne!