No kan du søka jobb som frivillig 2013!

vossajazz_40ar_d

Korleis skulle ein i tilfelle få til dette? Dei prøvde seg med ein jazzfestival inspirert av det ein hadde fått til i Molde. Fyrste festivalen blei arrangert i 1974 og festivalen har blitt arrangert kvart år sidan. Dette er me uhorveleg stolte av.

Årets festival blir altså den førtiande i rekka. Dette skal me sjølvsagt markera. Men: For at me skal kunne skipa ein heidundrande jubileumsfest treng me deg med på laget! Under finn du lenkja der du kan søka om å vera medarbeidar i 2013. Du finn alle dei gode gamle jobbane der. Nytt av året er at me gjenopnar gamlekinoen som konsertarena. Alle som vil jobba anten på Park Fleischer's Fraktgodsen Ole Bull Akademiet/kyrkja eller i gamlekinoen kan søka jobb som vakt. Dei andre jobbane kan du lesa om i lenkja under.

Hugsar du medarbeidarfesten i fjor? Der viste me ein flott film om livet som medarbeidar. Her kan du sjå den om igjen for å komme i rette stemninga: http://vimeo.com/39664971

For å søke jobb klikk her: http://vossajazz.no/frivillig

Velkomen!

Del gjerne!