«Møte med veggen» og møte med Ivar’ane

Mange hadde funne vegen til Hestavangen for å få med seg Ivar & Ivar i aksjon framfor veggen etter den rivne Enkjeheimen. Festivalsjef Trude Storheim banka på døra i snøfonna og bak den kom Ivar B. Løne stuntjazzpoet og fortalde om svunne tider og folk i høge posisjonar. Jazz-luring Ivar Kvåle drog i gang neverluren dagen før dagen og høgtidsstemninga sette inn i det opphaldet frå regnet bidrog til endå betre stemning. Morten Krogvold opna sjølve festivalutstillinga etterpå på Tre Brør og køen var såpass lang at reporteren her utsette besøket til seinare og vil oppfordra alle som kjem til Vossa Jazz til å gjera det same!