«Mitt namn er Nana»

Nana Rashid (Foto:Vossa Jazz/Eirik Åsheim)
Nana Rashid (Foto:Vossa Jazz/Eirik Åsheim)

Det var kø ut frå Osasalen, ned heile Strengjarhaugen, nestan heilt til Ringheimsvegen før konserten med Nana Rashid byrja. Tydelegvis hadde mange fått med seg at Osasalen var staden å vera klokka tolv denne laurdagsføremiddagen.

Då heile køen var komen vel innanfor dørene entra dei to oppstemde musikarane Nana Rashid og Petter Rylén scenen. Dei freista å innleie konserten med å snakke engelsk, til store protestar frå dei mange oppmøtte – «det er så vakkert med dansken din» kunne ein samstemt Osasal konstatere. Etter forsikringane om at publikum skjøna dansk vart det ei lettbeint, sjarmerande og munter stemning, ja, nærast eit fellesskap – slik musikk skal vera for Rashid: ei felles oppleving. «Me er alle ein del av same nettverk, der alle våre individuelle historiar er knytt opp mot ei felles forteljing» forkynte Nana Rashid, til stor applaus, før dei tok til med låten «Four Women» av Nina Simone. «My name is Aunt Sarah» song ho, det kunne like gjerne vore «My name is Nana» i den kraftige låten til Simone. Ein meir fortryllande versjon har truleg ikkje vore høyrd på desse kantar sidan Simone sjølv vitja Oslo i 1990.

Den magiske røysta til Rashid i skjønt samspel med det leikne pianospelet og den artige nynninga til Rylén framkalla både tårer, frysningar og hjartebank hjå tilhøyrarane. At ho har vorte samanlikna med storheiter som Nina Simone og Radka Toneff er slettes ikkje rart, der den ærlege og kraftige røysta fylte ein allereie smekkfull Osasal.

Då dei var komne til vegs ende avslutta dei passande nok med låten «Smile», der det enorme smilet til Rylén var aldri langt unna. Det viste seg fort at publikum ikkje kunne få nok av duoen, der eit ståande, trampeklappande publikum forlangte å få i alle fall éin låt til. Vanlegvis er det ikkje tid til ekstranummer på festivalar, men her var det berre å stemme i at dét lyt ein få i dette høvet. Etter å ha fått så mykje kjærleik frå publikum fann Rashid det for godt å gje litt ekstra tilbake, ved å sette i gang ein aldeles nydeleg versjon av «I’m here to love you» – til nye ståande ovasjonar.

Del gjerne!