Meir billettinformasjon (ja sola skin!)

Festivalsjef Trude Storheim strålar omtrent som sola over Vossevangen og minner ein gong til om at me har skifta billettleverandør – gå inn på www.ticketco.no for å sikra deg den beste starten på påska! Minner også om at Her budde ein gong eit barn er i ferd med å verta utselt det er no berre ledige plassar til Linda Eide sin kulturtur på sundagen og billettsalet generelt går unna. Ikkje risiker å stå i kø utan å koma inn på arrangementa det trengst plassbillettar til: opningskonserten med Bill Frisell tingingsverket med Mats Eilertsen kyrkjekonserten med Solveig Slettahjell samt konsertane i Osasalen.

Del gjerne!