Konsertar for born og familiar på Vossa Jazz

Heimesida (2)

Laurdag 9. april er dagen å notere seg!

Aller først vert det Badnajazzparade! Kl. 11.00 går paraden frå torget til kulturhuset, der me møter årets festivalforfattar på Falturiltu, Terje Torkildsen.


Kl. 12.30 vert det Badnajazzkonsert i kulturhuset med Kalaskvintetten:
Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget og Albert Åberg – på 70-talet vart alle desse bøkene til film og TV, med lydspor og musikk som vart kjenneteikna som både nyskapande og anarkistisk. I ettertid vert songane rekna som tidlause klassikarar. Kva var det eigentleg som skjedde i svensk jazz på 70-talet som gjorde at den beste musikken var barne-TV-jazzen? Svaret er Georg Riedel. No gjer eit stjerneensemble av norske jazzutøvarar – som vaks opp med desse svenske barne-TV-låtane – denne musikken til sin eigen, med stjernebassist Ola Høyer i spissen.


Kl. 15.00 vert det familiekonsert i kyrkja; LUX: Seim og Storløkken med solistar frå Voss kulturskule
Saksofonist Trygve Seim og Ståle Storløkken på kyrkjeorgel slår seg saman med unge solistar frå Voss kulturskule, under leiing av Ingrid Langen Fjose, for ei storstilt framføring av Andrew Smith sitt Requiem frå 2012, som vart skrive til minne om ofra på Utøya. Musikken er laust basert på den katolske dødsmessa, og tekstane inneheld mange bibelske referansar til born og unge. Konserten tek utgangspunkt i plata LUX frå 2019, der Seim og Storløkken framførte musikken saman med Nidarosdomens jentekor og Trondheimssolistene.

Musikken i Requiem hentar mykje inspirasjon frå gregoriansk song, og ein kan høyra melodiske fragment frå eldgamle rekviemmesser i bakgrunnen. Trygve Seim sin saksofonimprovisasjon gjer det sakrale uttrykket friskt og levande, saman med Ståle Storløkken sine mektige orgeltonar og dei klåre klangane i stemmene til dei unge solistane.

Dette vert ein vakker konsert for folk i alle aldrar.

Trygve Seim – saksofon
Ståle Storløkken – kyrkjeorgel
Solistar frå Voss kulturskule under leiing av Ingrid Langen Fjose


Velkomen til små og store! Kjøp billettar til konsertane hjå www.vossajazz.ticketco.events

Del gjerne!