Kjempeoppmøte på Badnajazzen!

img_7446

Laurdag føremiddag møtte 285 forventingsfulle born og vaksne opp til konsert og leik på Mølstertunet. Før konserten var aktivitetsnivået høgt med blant anna hesteskokasting ansiktsmåling og einhjulsykling på programmet.

Aktivitetsnivået gjekk ikkje akkurat ned då Isglem- konserten starta! Terje Isungset og Karl Seglem la opp til ein konsert der publikum i høg grad deltok og borna fekk prøve seg på mange av dei rare instrumenta deira. Eit av høgdepunkta var då Isungset og ein liten gut utførte ein «rap battle» på hønsespråk til stor latter for publikum. Nydeleg ver og høg trivselsfaktor var stikkorda for årets Badnajazz!

Del gjerne!