Jungelkraut med smell i Pentagon

Undergrunnen_OD_17_v2-1

Etter på eige ynskje å ha flytta scena ned blant publikum vart det tidleg klart at me skulle få ei oppleving utanom det vanlege i Pentagon. Tilhøyrarar som ikkje var til stades ved konsertstart, og seinare arbeida seg fram mot scena, stod plutseleg ansikt til ansikt med musikarane, og på den korte avstanden var det umogleg at spelegleda og entusiasmen ikkje smitta over. Opp til fleire gjestar vart observert i bevegelsar dei normalt ikkje meistrar.

Undergrünnen spela jungelkraut i Pentagon med eit energinivå som i fleire parti normalt ville medført smell og røyk, og som sette et flott punktum for kvelden. Er du klar for en ny festkveld på Vossa Jazz? Me er i alle fall det.

Del gjerne!