Jøkleba var jæklabra!

pning_-_sigvor_mala

Dagfinn Nordbø hadde starta festivalen med sin opningsprolog der han konkluderte med at å høyra på jazz var som å vera på ei reise. Jøkleba sin del av reisa var ”Ein heilt vanleg dag.” Vossasalen var fullstappa av 8 års forventning. Det er så mange år sidan sist Jøkleba let høyra frå seg og det kom frå salen allereie før dei var i gang: ”Eg er klar!” og det blei møtt med smil og latter frå scena. Dette bar resten av konserten preg av og det var tydeleg at det var eit gledeleg gjensyn både på scena og blant publikum.

Om dette var ”Ein heilt vanleg dag på jobben” for Jøkleba så vil eg skifta jobb for dette var magisk . Etter konserten blei fylgjande overhøyrd: ”Eg byrja faktisk å grina.” Det var nok ikkje alle som tok til tårene men det var heilt klart mange kjensler i salen. Per Jørgensen brukte alt frå trompet og trommer til trutmunn for å komplementera Audun Kleive og Jon Balke i det som var ei særs sterk opning på årets Vossa Jazz.

Ein kan trygt sei at dei gamle travarane rir igjen og dei rir taktfast inn i Vossa(Jazz)Natta.

Del gjerne!