Himmelske tonar frå eit jordisk trøorgel

Alle foto: Ådne Dyrnesli, Vossa Jazz
Alle foto: Ådne Dyrnesli, Vossa Jazz

Alle som har vore i Vangskyrkja veit at det frå skydekket i taket taust gløttar små englar på kyrkjelyden. Bak skydekket kan ein, viss ein ser godt etter, kanskje skimta himmelen. Denne fredagskvelden fekk vossajazzarane også høyre korleis himmelen kan lyde.


Det er heilt sant: Frå Sigbjørn Apeland sette seg på orgelkrakken og slo dei fyrste skire tonane, gjekk det ikkje lenge før ein himmelsk hærskare slutta seg til orgelmusikken og bokstaveleg talt fekk kyrkjerommet til å vibrera. Var det Gud som gløtta ned på Vangen?



Det spelar eigentleg ikkje noka rolle kva Gud dreiv med denne fredagen. Det som verkeleg gjorde denne kvelden uforglemmeleg, var at Apeland, midtveges i konserten, steig ned frå galleriet, ned mellom benkeradane, der eit audmjukt trøorgel venta. Så møttest himmel og jord.

Del gjerne!