Forlokkande kvartett i Osasalen

Erlend Apneseth Trio (foto: Vossa Jazz/Olav Aga)
Erlend Apneseth Trio (foto: Vossa Jazz/Olav Aga)

Erlend Apneseth Trio held den fyrste av heile fem konsertar på Ole Bull Akademiet på årets Vossa Jazz. Trioen, som for høvet faktisk er omgjord til ein kvartett, feirar denne laurdagsføremiddagen eit dagsfersk plateslepp. Musikken er eigentleg komponert som eit bestillingsverk til kunsthuset Bergen Kjøtt i Sandviken, Bergen. Saman med akkordeonisten Frode Haltli, kjent som ein av våre fremste samtidsmusikarar, framfører trioen «Salika, Molika» – eit musikalsk verk der eit gamalt stev meint for å lokka kyr er den raude tråden.

Det er tydeleg mange tilskodarar som er nysgjerrige og utforskande denne føremiddagen, då Osasalen så og sei er full sjølv om sola er forlokkande utanfor. Gardinene er heldigvis beksvarte, så ein kan gløyma både tid og stad. Me vert verkeleg lokka inn i ei verd som på same tid er både kjend og ukjend, der musikken lét fantasien få frie tøyler. Det er eit eventyrleg landskap Apneseth og hans kvartett maner fram for oss. Me i salen er dei heldige utvalde som får lov til å vera med på denne reisa, og det kjennest som eit privilegium. Assosiasjonane strekk seg frå klassisk folkemusikk og hardingfele, til utforskande instrumentalparti à la Velvet Underground.

Med ein fot planta i folkemusikktradisjonar, og ein fot plassert i eksperimentell samtidsmusikk, er konserten ein forsfriskande og framsynt start på laurdagen. Denne sjangeroverskridande musikaren frå Jølster har på få år gjort seg godt kjend i både Noreg og utland, og det er ingen grunn til at det ikkje skal komma endå ein Spellemannsnominasjon for Apneseth.

Del gjerne!