Pentagon stod i jazzens teikn fredag kveld. Dei som har lyst å ytra orda «men er det jazz?» trengte ikkje lura då dei entra kjellarklubblokala på Park. Dag Magnus Narvesen og kumpanar heldt koken frå fyrste slag, for ikkje å sei Fredrik Ljungkvist sin tone. Dei fyrste publikummarane stilte eins ærend og forlet ikkje Fluxed Markings si side for anna enn å kjøpa seg ei ny øl. Dei nyankomne som seig på etter konsertane i Vossasalen og Festsalen vart ståande i samd glede over musisering, energi og gledeleg speleglede. Om musikarane utviste desse eigenskapane, tok tilhøyrarane dei til seg med nikkande hovud og salige fjes.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.