MUSICAL BALLOON

Saksofonist Eirik Hegdal er ein av dei aller fremste jazzmusikarane i landet, både som utøvar, komponist og arrangør. Frå 2002 til 2016 var han kunstnarleg leiar for Trondheim Jazzorkester (TJO), og var då mellom anna ansvarleg for særs vellukka samarbeidsprosjekt med jazzstorleikar som Joshua Redman, Pat Metheny og Dave Holland. Alpaca Ensemble, Zanussi Five, Angles 9, En en en, Dingobats (som hadde sin første festivaljobb på Vossa Jazz i 1996) og Team Hegdal er eit lite utval av dei fantastiske banda han spelar i. Med sistnemnde vann Hegdal Spellemann i kategorien «beste jazzalbum» i 2015. Trufaste vossajazzarar har sjølvsagt høyrt han mange gonger før, mellom anna i «Rubicon», Mats Eilertsen sitt flotte Tingingsverk til Vossa Jazz 2014, som seinare vart plate, og Erlend Skomsvoll sitt Tingingsverk «Musikk» i 2002. I 2017 skreiv han orkesterverket «Fables of the Late Early Bird» for sjølvaste Oslo-Filharmonien. Og dette er berre toppen av isberget – det skal ikkje stå på CV’en!

– Jeg gleder meg noe fryktelig til dette! Å få skrive Tingingsverket til Vossa Jazz er noe jeg har drømt om – en sann ære, seier Hegdal til Vossa Jazz.

Med seg til å framføra Tingingsverket 2018 har han eit knippe framifrå musikarar, handplukka frå øvste hylle. Fleire av dei har tilknyting til TJO, som Eivind Lønning og Ole Martin Vågan. Sistnemnde tok over som kunstnarleg leiar for TJO i 2017. Nils-Olav Johansen er kjend for mange gjennom supergruppa Farmers Market, og har etablert si unike musikalske stemme gjennom ei rekkje flotte prosjekt sidan 1990-talet. Mattias Ståhl og Jon Fält er mellom dei mest spanande jazzmusikarane vårt naboland i aust har å by på.

På dette tidspunktet er det berre komponisten sjølv som har ein idé om kva publikum kan vente seg frå «den musikalske ballongen» under festivalen neste år. Nokre få hint har me likevel fått: Verket vil ha ein overordna orkestral regi, men samstundes gje rom for improvisasjon for kvar enkelt av dei virtuose musikalske individa på scena. Musikken vil ha klare røter i jazzhistoria, men vil vere open for inntrykk frå nærliggjande inspirasjonskjelder.

Eirik Hegdal – saksofonar, klarinettar
Eivind Lønning – trompet, piccolotrompet
Mattias Ståhl – vibrafon, diverse
Nils Olav Johansen – gitar, banjo, vokal
Ole Morten Vågan – kontrabass
Jon Fält – trommer, perkusjon
Tor Breivik – lyddesign

www.eirikhegdal.com

Kjøp billettar til Vossa Jazz hjå TicketCo.