Ein (Spelle)mann for sin hatt

Jørgen Sandvik (foto: Vossa Jazz/Maiken Solholmvik)
Jørgen Sandvik (foto: Vossa Jazz/Maiken Solholmvik)

Med ein fersk Spellemann i bagasjen tok Jørgen Sandvik turen til Voss på fredagskvelden. Dette var ikkje hans fyrste tur til Vossa Jazz, og mange i publikum kjenner nok både han og hatten hans igjen frå det som snart bør omtalast som supergruppa Real Ones.

Jørgen Sandviks Permanent Vacation er namnet på soloprosjektet, men han var ikkje på ferie her på Voss! Med både tradisjonelle blueslåtar, nokre coverlåtar, samt moderne viser med ein popvri, svingte det godt i Pentagon. Dette utan at han let seg styra av sjangernormer og andre konvensjonar.

Det var herleg å sjå Jørgen utfolda seg, og hans vokalprestasjon kom verkeleg til sin rett i dette formatet. Det var spesielt i dei lengre instrumentalpartia musikarane verkeleg fekk briljera, og publikum såg verkeleg ut til å nyta denne bedagelege blues session’en.

Del gjerne!