Ein litteraturelskande jazzfestival

Kjartan Fløgstad opna årets festival, Foto: Runhild Heggem, Vossa Jazz
Kjartan Fløgstad opna årets festival, Foto: Runhild Heggem, Vossa Jazz

Årets festival vart opna med rapprolog av Kjartan Fløgstad, og i programmet finn me konsertframsyninga Hundemanuskripta av Jon Fosse og gjensyn med Fløgstad på litteraturfrukost, Jazznytt18 og Eldrejazz.

Cecilie Løveid, Jan Erik Vold, Karl Ove Knausgård, Frode Grytten, Erlend O. Nødtvedt, Lars Saabye Christensen. Den litterære gullrekka av norske forfattarar som har halde opningstalen på Vossa Jazz er nær sagt endelaus. Og det er ikkje tilfeldig. Litteratur og Vossa Jazz har gått hand i hand så lenge det har vore jazzfestival i bygda.

Cecilie Løveid opna den 50. festivalen i 2023, Foto: Kai Faltekvål
Cecilie Løveid opna den 50. festivalen i 2023, Foto: Kai Flatekvål



Det litterære Vossa Jazz-programmet

Tradisjonen for litterære innslag på Vossa Jazz-programmet strekkjer seg langt attende. I bygda snakkar ein framleis om legendariske litteraturarrangement som tidleg på nittitalet kunne strekkja seg frå frukost til midnatt, med profilerte litteraturvitarar som Lars Sætre og Arild Linneberg som drivkrafter – og namn som seinare har vorte løna med Nobelprisen i litteratur på gjestelista.

– Sjølv om den litterære satsinga ikkje er like tydeleg no som ho har vore tidlegare, fylgjer me framleis med på kva litterære namn festivalen knyter til seg og slepp til på programmet, fortel litteraturentusiast og mangeårig Vossa Jazz-gjengar Karl Knapskog.

Erlend O. Nødtvedt opna Vossa Jazz i 2017, Foto: Vossa Jazz
Erlend O. Nødtvedt opna Vossa Jazz i 2017, Foto: Vossa Jazz



Eit finkulturelt ytre med eit folkeleg indre

På den litterære delen av årets festivalprogram, finn me mellom anna konsertframsyninga Hundemanuskripta av Jon Fosse. Kva har så jazz til felles med fjorårets nobelprisvinnar i litteratur?

– Eg trur mange førestiller seg jazz og Jon Fosse litt på same måten, som framande og litt utilnærmelege storleikar som dei ikkje heilt forstår, seier skodespelar Kristine Alida Grønsdal Netteland.

– Men når ein set seg ned og les Fosse sine tekstar, så ser ein fort at dei er meir folkelege og tilgjengelege enn ein kanskje hadde trudd. Slik opplever eg det òg med jazzen. Her er noko for oss alle.

Også Kjartan Fløgstad stadfester denne samanhengen:

– Mange assosierer jazz med finkultur, mens jazzen i røynda kjem frå folkekulturen. Det er kanskje difor jazzen trivest så godt i musikkbygda Voss, kor folkemusikken så lenge har stått så sterkt.

Randi Fuglehaug opna Vossa Jazz i 2022, Foto: Runhild Heggem, Vossa Jazz
Randi Fuglehaug opna Vossa Jazz i 2022, Foto: Runhild Heggem, Vossa Jazz



Attende til dei litterære røtene?

Sjølv om dei litterære programpostane på Vossa Jazz ikkje lenger strekkjer seg frå morgon til kveld, har dei vore synleg til stades også dei seinare åra. Festivalen har mellom anna samarbeidd nært med tidsskrift som Vinduet og Jazznytt, men òg festivalar som Falturiltu – for slik å fremje borne- og ungdomslitteraturen gjennom forfattarar som Aina Basso og Maria Parr.

Eit og anna kan også tyda på at Vossa Jazz no freistar pleia dei litterære røtene sine. I år henta festivalsjef Laila Melkevoll til dømes fram programposten «Litteraturfrukost» frå arkivet. Og publikum let seg ikkje be to gonger til bords: Sundag morgon var køen til kaffien på Kafé Stationen like lang som køen til Fosse-framsyninga kvelden før.

Dei som fekk plass, fekk servert litterær kraftkar i verdsklasse. Akkopagnert av Ole Morten Vågan baud ordspelemannen Fløgstad på både due og drone, upubliserte dikt og hits frå Haukelifjell – for ikkje å snakka om ønskereprisen: «Rapprologen» som fredag ettermiddag opna festivalen sat like godt sundag som fredag – like godt i dag og i går, som «Ittepå i mårå».

Del gjerne!