This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.


Maria Parr
- Denne hending er over.
laurdag 28. mars
Kl 12:00
Ho skal vera festivalforfattar på barnebokfestivalen Falturiltu på Stord. Du kan få ein smakebit her på Voss – kom tidleg og få med deg stjerna!
Begge bøkene hennar er blitt til teater og Vaffelhjarte er blitt ein svært populær Tv-serie. Bøkene til Parr er no blant dei mest omsette norske barnebøkene i utlandet, og trass sin unge alder har ho alt vunne fleire litterære prisar enn dei fleste andre forfattarar gjer i løpet av eit heilt liv. I 2010 vart Tonje Glimmerdal kåra til beste tyske barnebok av avisa Die Zeit og vann Brageprisen, Kritikarprisen og Teskjekjerringprisen for beste norske barnebok. Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen er svært rik og variert, nynorske barnebokforfattarar mottek prisar i hopetal, men diverre er det langt igjen før bøkene har det publikummet dei fortener. Det er vanskeleg å nå ut til lesarane, både bokhandlarar og bokklubbar prioriterer bokmålsbøkene, og mange har ei oppfatning av at det ikkje finst noko særleg litteratur på nynorsk. Verdas einaste nynorske barnebokfestival, Falturiltu, vert arrangert på Stord i veke 45 kvart år, og festivalen tek mål av seg til å formidla denne litteraturen, og gjera han meir kjend. Festivalforfattar i 2015 blir Maria Parr.
Maria Parr – opplesing
Denne framsyninga er gratis.