Ei reise til Kenya

knut_kristiansen

"I denne konserten skal vi ta dere med på en reise til Kruia-folket i Kenya". Slik starta komponist Knut Kristiansen sundagens konsert og for ei reise det skulle bli.

La det vere sagt at Fraktgodsen er – med si form av eit fartøy – ei scene som skapt for denne typen musikalske reiser kor tilskoderane er passasjerer som akkurat denne sundagen vert tekne med til Afrika nærere bestemt Kenya. Og det var aldri noe tvil om kva for ein destinasjon reisa hadde: Tonane teikna eit bilete av å vere i jungelen og der var det så mykje lydar at tilskoderane nærast heldt seg fast til stolane sine.

Låtane var inspirert av gamalt materiale som hadde fått støvet børsta av seg og frå eit samstemt artistmaskineri med framragande enkeltpersonsprestasjoner og solonummer som hausta velfortjent applaus undervegs fekk publikum i den fullsette Fraktgodsen vere med på ei heilt spesiell oppleving denne sundagsettermiddagen.

Del gjerne!