Ei lita statusoppdatering frå Hanna Paulsberg

Foto: Johannes Espedal

Det er no to veker til festivalen og me har teke oss ein prat med tingingsverkkomponist Hanna Paulsberg, om kva ho ser fram til med Vossa Jazz.

«Det er siste finpuss på musikken som gjeld no,» seier Paulsberg. «Bandet har allereie hatt ei øving for nokre veker sidan, så me har så vidt rukke å kjenne på at me gler seg til å spele dette for Vossa Jazzaren.» No er det å spele seg i form og lande dei siste detaljane i musikken som står att før festivalen.

Som så mange tidlegare tingingsverk på Vossa Jazz, kjem denne gjengen til Voss litt tidlegare i festivalveka for å øve. Då får me som er på jobb ofte ein liten sniktitt på korleis det går, og rekk å gle oss endå meir til laurdagen.

Me spurte Hanna om valet av musikarar til prosjektet, sidan dette er ein gjeng ein ikkje nødvendigvis ser saman så ofte. «I første omgang plukka eg ut musikarar som eg tenkte kunne passe godt til den musikalske retninga eg ynskja på prosjektet. I neste omgang tenkte eg på musikarar eg ikkje spelar så ofte med, og tenkte at dette var eit flott høve til å spele meir med nettopp desse musikarane,» seier Hanna. Vidare fortel ho «Viktor Wilhelmsen har det soundet eg er ute etter i gitaren godt på plass, og når det kom til Dan Peter Sundland, ynskja eg rett og slett ein el-bassist, i tillegg til at han er ein utruleg dyktig bassist.» Desse to gjekk ho i tillegg i klasse med på jazzlinja i Trondheim i si tid, så her får me eit gjennhør frå tidlegare studietider. «Erik Nylander er ein stødig trommis som har eit godt beat og kan groove, noko eg óg såg etter til dette prosjektet,» avsluttar Hanna.

Hanna både grur og gler seg til å kome og spele på Voss. «Å spele med dette bandet blir utruleg gøy! Samstundes har eg eit ynskje om at musikken eg har laga blir bra, og satt pris på av publikum.» Å presentere nykomponert musikk for eit publikum er alltid litt skummelt sidan ein aldri veit heilt korleis det blir motteke. «Eg håpar at publikum har lyst til å kome,» fullfører Paulsberg.

At musikken blir både fin og bra, trur eg ikkje me treng tvile på. Dei musikarane ho har med seg, er i seg sjølv verdt å kome og høyre på, og Paulsberg har såpass mykje komponert musikk i sekken sin, at eit nytt verk frå denne musikaren, kan me vere ganske så trygge på at blir noko det er verdt å gå og høyre på. Det er tross alt ikkje kven som helst som får skrive sjølvaste tingingsverket til Vossa Jazz.

Del gjerne!