Dagens dramatiske duell

Jazzintro, Relling (Foto: Vossa jazz/ Runhild Heggem)
Jazzintro, Relling (Foto: Vossa jazz/ Runhild Heggem)

Jazzduell er sjeldan vare i festivalsamanheng, men på laurdag var det mogleg å få med seg ein av fire duellar i år. Duo møter kvartett og den direkte stilen til Kjemilie møter det kompliserte jazzlandskapet til Relling. Jazzintro har starta!

Det unge trønderbandet Kjemilie – der namnet er ein fusjon mellom fornamna til dei to bandmedlemane Kjetil og Emilie – starta årets jazzintro med roleg, dempa trønderjazz. Dei djupe tekstane på dialekt og den sterke vokalen til Emilie gav publikum eit jazza utrykk av det kvardagslege og ektefølte.

Relling, som var det andre bandet på årets Jazzintro på Voss, var ikkje dårlegare. Saman ein blanding mellom indie-rock og jazz tok Relling publikum med seg på ei vandring over den norske naturen med eit samspel mellom synth, gitar og stemmebruk som kunne minne om ein bekk sitt samspel med mose. Ein avant-garde gitar som garanterte for ordknappenheit blant publikum og eit organisk orgel med innslag av synth som sjølv ville gitt Kaizers Orchestra sin «siste dans».

Del gjerne!