Cornelis + Riedel = sant

riedel

Fredag kveld var Festsalen på Park hotell smikk full av folk sjarm og nostalgi utan at det vart til trengsel av noko slag.

Georg Riedel dottera hans -Sarah Riedel Nicolai Dunger og eit knippe andre framifrå jazzmusikarar frå Sverige leverte ein konsert som mykje mogleg kjem til å skrive seg inn mellom to permar som den aller koseligaste dette Vossajazzåret.

Med Cornelis Vresviijk sine tekstar og Riedel i komponiststolen var det lite som kunne gå gale. Likevel serverte dei ei musikalsk oppleving som gjekk over alle forventningar.

Sarah Riedler har ei stemme som er både vever og sterk på same tid og på eitt tidspunkt plystra (!) Dunger så vakkert at det vart heilt stille i salen. Saman formidla dei Vreesvijk sine tekstar på ein heilt spesiell måte.

Kor kalde publikum enn måtte vere før konserten starta kan det ikkje ha vore ein einaste som ikkje var varm når dei forlot stolen sin etter denne konserten.

 

 

Del gjerne!