Blid og brilliant bergens-brasiliana

Foto: Anders Flatlandsmo
Foto: Anders Flatlandsmo

Blid og brilliant bergens-brasiliana

Kraftsus frå eit karneval

Og vidlyftne viser

Solskin, song og sjarme

På scena står ingen noviser

Trommer og kashaka

Og ned dett haka

Når perkusjonen drar ein solo

Så det lét til Vanjolo

Frå fyrste strofa er tonen sett

Det let og det ljomar, ein vert ikkje mett

Og om ein forstår språka eller ei 

Så går songen heilt inn, det har lite å sei

Gabriela Garrubo, med gnist og glør

Har aldri vore på vossajazz før

I ein vaksen vossasal har me valsa oss inn

For å høyre på ei røyst som ikkje forsvinn

Ho er med oss ut av salen

Og vidare inn i kvelden

Vidare på festivalen

Vidare inn i elden

Foto: Emilie Opstad
Foto: Emilie Opstad

av pressegruppa til Vossa Jazz.

Del gjerne!